Menigheten Nytt liv Sunnhordland er no blitt ein del av nettverket
De Frie Evangeliske Forsamlinger DFEF.

 

For vel eit år sidan starta prosessen med å slutte seg til Frie Evangeliske forsamlingar. Det kjennes bra og riktig og vi trur det er bra å stå tilknytte eit menighetsnettverk.

 

 

På slutten av 2009  vart det som no er menigheten Nytt Liv Sunnhordland starta med hovudsete på Fitjar. Menigheten var og er ei sjølvstendig menighet sjølv om den no er knytt opp imot nettverket DFEF. Menighetsnettverket er eit pinsekristent nettverk med 64 menigheter der dei fleste menighetene er lokalisert på Sør-vestlandet og Sørlandet. I Sunnhordland er det frå før menighet på Leirvik og Mosterhamn som er med i DFEF.

Tidligare, og fram til år 2008 var det ei aktiv menighet i Øvrebygda som var tilknytt det same nettverket. Etter at Nytt Liv Sunnhordland vart starta har dei som var med der, gradvis meldt seg inn i den nye menigheten. Det var derfor ikkje så unaturleg for Nytt Liv Sunnhordland å vurdere tilknyting til DFEF.

 

Overgangen har også ført til at menigheten Nytt Liv Sunnhordland har overteke lokalet Betania i Øvrebygda.

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland har også etablert seg i Sagvåg, med leigde lokaler i Sagvåg sentrum. Sidan 1. oktober har lokalet Ambassaden vore brukt til ulike aktivitetar.

 

I tillegg har menigheten medvirka til å starte menigheten Nytt Liv Suldal i Sand i Ryfylke, og menigheten har visjonar om å starte fleire forsamlingar i framtida. Også menigheten i Sand er knytt til det same nettverket.


  
 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2011 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

HJEM