Påske, - kva er det for noko?
Ferie? Påskeegg? I heia på fjellet? Eller...HÅP og FRIHET?

Kvifor feirar vi påske, og kvifor har vi så mange fridagar før påske?
Det er nok fordi det Norske  samfunnet er grunnlagt på Bibelen og dei 10 bod.
Og i Bibelen står det skrevet at for ca. 2000 år sidan gjorde Gud noko for oss.

Han gav oss ei fantastisk gåve, eit HÅP, som overgår alt.
På skjærtorsdag feira Jesus nattverd med disiplane for siste gong, før han skulle døy.

På langfredag vart Jesus nagla på korset, etter at han hadde blitt piska, spotta og håna for våre feiltrinn og misgjerningar. Straffa lå på han for at vi skulle ha fred. Ved hans sår har vi fått lækjedom  (Jesaja )
Den 3. dag etter at han vart avretta, sto han opp, og det feirar vi med PÅSKE!
Og Jesus lever i dag!!
Det kan eg og mange (kristne) over heile verden stadfeste.
Fordi me har invitert Ham i våre liv, og dermed erfart at Han er i oss.
Det står i Joh. 3:16 (også kallet den vesle bibel)
Joh 3:16-17
 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
 17 For Gud sende ikkje Son sin til verda for å døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.


Dette er det mest fantastiske bodskap eit menneske kan få!
Difor er påske ein fest som handlar om HÅP OG fridom.
At Jesus tok vår straff, og vi kan gå fri og få det evige livet!

Jesus lever i meg, og eg kan leve i denne verda med alle problem og vite at Han er med meg i alt, at Han hjelper meg, og at eg har eit håp i vente, eit evig liv ilag med min Himmelske Far som elskar alle.

Ynskjer du også det? Les vers 16 ein gong til...

Vi i menigheten Nytt Liv Suldal, vil gjerne ynskje alle ei velsigna god påske, og ber at alle menneske i Suldal kan få tak i det Håpet ein dag før livet sluttar her på jorda.

Også er det sjølvsagt fantastisk å kunne nyte den fine naturen som Gud har skapt i
Suldal! Tenk på Ham som skapte det, når du ser det rundt...
Tenk på Ham når du ser kor fantastisk Han har skapt deg og dine, som du er så veldig glad i ...

 

Har du lyst å vere med oss eller å høyre meir om det? Du er hjertelig velkommen på husmøta våre. Du kan komme akkurat som du er. Vi blir veldig glad for det!

Vil du ha informasjon tilsendt kan du sende oss ein sms til  : 90796882

Nytt Liv Suldal, Irma Weerstand.

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2011 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

menigheten nytt liv sunnhordland

 

HJEM