Kva er eigentleg pinse?
av: pastor Frank Håvik, Nytt Liv Sunnhordland

For nokre år sidan vart eg ringt opp midt på natt til første pinsedag. Ein høfleg mann spurde om eg kunne gje han ei forklaring på kva pinse var. Han sat i eit lag med fleire og diskuterte pinse, men ingen visste kva ein feira i pinsa. Jul og påske visste dei kva var, men kva var pinse? Han fekk forklaringa og var godt nøgd med det.

Nokon trur at pinse, ja det er pinsevennene si høgtid, og det kan så vere. Blant dei kristne samfunna kan det vere ulik sider ved trua ein vektlegg. Det er jo det som har skapt dei ulike trussamfunna, som kan vere litt ulike, men likevel eins om dei viktigaste spørsmåla. Når det gjeld pinse så er det nokon som feirar den som kyrkjelyden sin fødselsdag. Det er ikkje heilt korrekt, då dei fyrste kristne samla seg allereie før pinsedagen. Men eigentleg er pinse ei markering og feiring av Den Heilage Ande sitt kome på ein ny og kraftig måte, til jorda.

 

Den Heilage Ande er ei av sidene til Gud. På same måte som vatn kan opptre i tre former, rennande, is og damp, kan Gud opptre på tre ulike måtar. Den Heilage Ande er Guds Ånd som han sendte 50 dagar etter påske. Då vart 120 av dei fyrste kristne fylt med Guds Ånd og det står i Apostelgjerningane at dei tala med språk som dei ikkje kunne frå før, og folk som var kome langvegs frå til feiring i Jerusalem, høyrde dei tala på sitt eige språk. Det var eit stort språkunder. Men det var ikkje bare det som skjedde. No vart redde og forsiktige kristne fylt med kraft og frimod, og dei gjekk ut og forkynte om Jesus og praktiserte det han hadde lært dei. Sjuke vart lækte, og mange kom til tru på Jesus og vart døypte.

 

Den Heilage Andre treng ikkje kome slik fleire gonger. Frå då av har alle som har teke imot frelse i Jesus fått del i dette, men langt frå alle har teke Den Heilage Ande i bruk på denne måten. Det var Guds plan at kyrkjelydar skulle være fylt opp med åndelege gåver, som er Guds eigenskapar, slik at folk kunne få hjelp til å leve eit sterkt og kraftfullt liv med Gud. Fordi den Heilage Ande er tilgjengelig i dag også, kan vi gjere dei same tinga som dei fyrste kristne, og dei tinga som Jesus sjølv gjorde. Dei forkynte evangeliet med dei teikn som følgde med. Kva teikn var det?

 

Jo for det fyrste at dei tala i nye språk, eller det Bibelen kallar tungetale. Mange syns det kan verke skremmande og rart, men tenk på det som eit anna språk. For at folk skal forstå det må det oversettast eller tydast. På møter i kyrkjelydar som praktiserer dette kan ein av og til høyre dette fenomenet, og mange får ei helsing frå Gud gjennom dette.

 

For det andre skulle dei lækje sjuke. Det skjer også i dag i kyrkjelydar som praktiserer dette. Mange under skjer som legar ikkje kan forklare. Men alt har den hensikt at folk skal kome til tru på Jesus og få eit kraftfullt og godt liv med han. Så altså er pinse til minne om den fyrste gongen Den Heilage Ande vart delt ut til alle menneske. Denne hendinga var profetert om mange hundre år før det skjedde. Du finn profetien om Den Heilage Ande i profeten Joel kapittel 3. Om sjølve pinsedagen finn du i Apostelgjerningane kapittel 2. Slå gjerne opp og les, det er interessant lesing.

 

 

 

 

  
 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2011 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

menigheten nytt liv sunnhordland

 

HJEM