Er du utan menighet? Eller saknar du eit nært kristent fellesskap?

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland er no over 2 år gamal og er komme for å bli. Ein del har hatt tru for denne menigheten frå starten av, og fleire er kome til undervegs. Medlemstalet veks jamt, og no er det tid for å ta ein nytt steg. Sjølv om vi har vore få har vi tatt tunge arrangementsmessige og åndelig løft desse åra. No kjenner vi at det er tid for ekspansjon, og vi har som mål å dobble antall innmelde medlemmar innan nyttår. Er du interessert i å vere med å sjå menigheten vekse fram og innta det oppdrag den har fått?

 

 

Les mer i dette skrivet også. Klikk her



Der er minst 6 gode grunner til gå inn i ei menighet, eller bytte menighet.

 

1. Du har ingen menighet.
Det er ikkje i tråd med Guds Ord å ikkje tilhøyre ei lokal menighet. Er du i denne kategorien treng du å komme inn i ei menighet snarast.


2. Menigheten du tilhøyrde er lagt ned.
I slike tilfelle burde det være lett å gå til ei anna menighet. Takk Gud for det som var, men strekk deg etter det Herren har for deg.

 

3. Du har endra deg i synet på grunnleggande
læremessige ting i Bibelen.
Det typiske er dåpssyn. Har du skifta syn frå eit til eit anna dåpssyn bør du finne ei menighet som forkynner og praktiserer i tråd med det du faktisk trur på. Det kan gå bra sjølv om du har eit anna ståstad læremessig, men dersom du ynskjer å være i teneste vert det ofte vanskelig.
Kompromiss på slike ting fører som regel til intern splittelse eller at du vert hindra i å utøve det kall og oppdrag du har som ein medlem i menigheten.
Generellt vil eg seie at ein bør søke ei menighet som har Bibelen, og bare den som autoritet i lærespørsmål. Alle andre tillegg av tradisjonar og overleveringer er ikkje rett. Kol. 2.6-8

 

4. Du vert hinda i å fungere i nådegåver, kall og oppdrag du har.
Ein del opplever at dei ikkje vert fostra, ikkje får fungere eller ikkje vert rekna med i menigheten. Då bør du gå nokre runder med leiinga  og forsøke å løyse problemet. Finn ein ikkje ut av det, vil det I enkelte tilfeller vil det være rett å forlate menigheten i fred, og heller bli med ein stad der du får lov til å gjere det Gud har kalla deg til.


5. Du flyttar på deg, og det er upraktisk å tilhøyre menigheten.
Mange blir ståande i årevis i ei menighet som er geografisk langt borte. Dette er skjeldan noko god løysing, og du bør som hovedregel tilhøre ei menighet så nær lokalmiljøet ditt som mogleg.

 

6. Jesus kallar deg til å være med å bygge i ein ny samanheng
Det hender spesiellt ved nyplanting at Gud kaller resurspersonar til å bli med i ein ny samanheng for å bygge opp noko nytt på staden. I slike tilfeller kan det være rett å gå ut sjølv om det ikkje er noko andre grunnar for det. Det hender og at Gud kaller enkeltpersonar til å melde seg inn i ei menighet eit stykke unna for at den menigheten skal vere med å etablere nytt arbeid på den staden vedkomande bur på.


Råd på veien.
Forlat ikkje ei menighet på grunn av ei personlig konflikt, dersom du kan forsone deg med den som du er i konflikt med. I ein del tilfeller er det likevel uhaldbart for enkelte å fortsette etter personlige konflikter. men utgangspunket må vere at ein prøver så langt det står til deg og finne fram til forsoning og tilgjeving.
Ha tolmodighet både med andre medlemmar og ledelse.
Vil du forlate ei menighet så er veien fri til det uansett årsak, men kan du gå ut med fred og ei velsignade haldning bevarer du relasjoner og vennskap. Går du ut missfornøgd, kan det godt vere at du vert missfornøgd også i den nye samanhengen.
Alle over 15 år har full rett av eigen vilje å foreta valg i åndelege spørsmål. Ingen kan tvinge deg til å bli i ein menighet du ikkje ynskjer å vere i, og hos oss er det i alle fall full frihet til å komme og til å gå.


Om du ikkje er einig i alt, så ver klar over at vi alle ser stykkevis og delt, og ingen har det heile og fulle bildet. Det skal godt gjerast du finn ei menighet de du er enig i absolutt alt. Men grunnleggende trusspørsmål som rører ved frelse, menneskesyn og utøvelse av nådegaver og teneste er det vanskeleg å gå på kompromiss med dersom du skal kunne fungere i menigheten.

Så eit lite råd sagt i spøkefull tone. "Om du skulle vere så heldig at du finn ei perfekt menighet, så må du ikkje finne på å gå inn i den, - då er den nemleg ikkje perfekt lenger"

 

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål.
Tlf 92423048


PASTOR FRANK HÅVIK

 

25/11-2011

 

 

 

 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2011 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

menigheten nytt liv sunnhordland

 

HJEM