Omlag 20 frå Fitjar/Stord deltok i
JOSVAKONFERANSEN 2011 i Vesttelemark


I helga 8.-10. april var det ein desentralisert konferanse i Vestttelemark. Organisasjonen Josvafolket med Kristin og Frank Håvik i spissen stod som arrangør saman med pinsemenighetane i Øyfjell, Høydalsmo og Lårdal.

Konferansen starta med eit godt besøkt møte i Edland Samfunnshus på fredag kveld og fortsette på Galleri Straume i Øyfjell på laurdag og søndag føremiddag, før det vart avsluttning i Høydalsmo.

Galleri Straume, er eit kunstgalleri og eit lokale til menighetsbruk, som ligg like ved Straumekrysset der vegen frå Åmotsdal møter vegen mellom Høydalsmo og Rauland.

 

Hovedtaler denne helga er den landskjente evangelisten Viggo Wilhelmsen.

Viggo var maskinist og chif i utenriksfart, då Gud møtte han gjennom ei stor livskrise som held på å ta livet av han. I ein mannsalder har Viggo reist over heile landet og i utlandet, og han er ein høgt verdsett forkynnar som alltid har interessante vinklingar på det han deler. Viggo delte frå livet sitt og korleis Gud ar gjeve han hjelp og styrke ved  at han tok til å leve etter Guds ord og ikkje lengre leve etter kva han følte.

Solveig og Ingolf Grønstøl frå Bømlo tok hovedteneste med sang og musikk og leda forsamlingane inn i sterk og levande sang. Gjennom veksling mellom nytt og gamalt stoff bant dei det saman på ein god måte.

 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2011 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

menigheten nytt liv sunnhordland

 

HJEM