Spørsmål & Svar om Nytt Liv Sunnhordland

 

Kva er adressa til menigheten?
Menigheten Nytt Liv Sunnhordland
Tislevoll, 5419 Fitjar

 

Kvar har menigheten møta sine?

Vi har samlingar på ulike stader. På Fitjar er det på Fitjartun, Øvrebygda skule og

 

 

 

 

Betania i Øvrebygda, (bilde t.v) 

 

 

 

 

 

 

 

I Sagvåg er møtene stort sett på Ambassaden i sentrum av Sagvåg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Husmøter har vi i heimar. Følg med på nettsida eller ta kontakt med oss.


Vi har også møter i Vats, Ølen, Ølve og Hatlestrand

 

Kva er mailadressa?  post@nyttlivsunnhordland.no

Korleis kjem eg i kontakt med pastor i menigheten?
Enklast og raskast er å ringe Tlf 92423048

Frank Håvik, Vik, 5419 FITJAR

 

Lederskapet forøvrig kan du kontakte:

 

Åse Tislevoll telf 99306617,  Åge Tislevoll,tlf 45607271, Geir Vik 48043353  Reidun Vik 99129009

Kristin og Frank Håvik, Tlf 92423048 eller Terje Andreassen,
Tlf 95128031

 

Hvis eg vil støtte menigheten, kva er kontonummeret?

Konto for gaver og støtte: 3520.6177975

 

Kva slags menighet er dette?

Vi er ein nystarta frimenighet. Dersom du har behov for å plassere oss i kyrkjelandskapet kan vi seie at vi er ein pinsekristen menighet som kanskje står nærmast bevegelsen De Frie Evangeliske forsamlingar. På verdensbasis er det omlag 800-900 millionar som har dette trusgrunnlaget. Vi trur på heile Bibelen, og den er vårt læregrunnlag. Sjå meir om det på trusgrunnlaget vi har nedskrive

 

Nokon seier de er ei sekt, er det tilfelle?

Nei, selvfølgelig er vi inga sekt. Men vi veit at mange kaller oss ei sekt. I så fall tilhøyrer vi ei kjempesekt med millioner av kristne over heile verda.

 

Tradisjonellt sett har særleg statskyrkja kalla alle menigheter utanom kyrkja for sekter fordi mange har gått ut derifrå. Det er heilt feil. Statskyrkja tilhøyrer den lutherske kyrkja som i nominell størrelse er bare 6 - 7 % så stor som den pinsekristne menigheten i verda. Ser vi på antall aktive kristne er nok dei lutherske kristne i beste fall bare ca 1 -1,5 % av størrelsen på dei pinsekristne. Ei sekt vert ofte omtala som noko negativt og et lukka samfunn med stor utbredelse av kontroll.

 

Det er nok ingen menighet i vår region som lever meir opent enn Nytt Liv Sunnhordland. Vi fortel om livet i menigheten, kva vi står for og kvar og når vi samlast heilt åpent på nettsida. Det er det ingen sekt som gjer. Vi har heller ikkje noko tvang i samanheng med medlemskap. Folk som fyller vilkåra kan melde seg inn og ut når dei vil. Så konklusjonen er at vi er ei heilt normal Bibelsk menighet. Det er ikkje normalt at menigheten er underlagt staten, derfor er vi frie i forhold til myndighetene.

Sitat Wikipedia nettleksikon:

I norsk religionshistorie var det før 1845 ikke lov å etablere forsamlinger med lære som avvek fra den lutherske statskirkens. Med dissenterloven i 1845 ble det tillatt å opprette frimenigheter, og de fleste av disse ble fremdeles sett på som sekter (både definisjon 1 og 2), inntil de vokste seg store nok til å bli stuerene og fortjene betegnelsen kirkesamfunn.

Sekt-begrepet har idag en kraftig negativ ladning – ingen bruker sekt-betegnelsen om seg selv. Massemedia bruker imidlertid begrepet aktivt, spesielt dersom journalisten ønsker å vinkle innslaget eller artikkelen negativt. For en kristen menighet er for eksempel det å fremstå som karismatisk, forkynne helbredelse, praktisere tungetale eller liknende ofte alene nok for å bli omtalt som sekt i mange norske medier, uten nødvendigvis at noen av kriteriene under er oppfylt.

 

De praktiserer tungetale, helbredelse og ber for folk, er det egentlig rett?

 

Ja, vi gjer alt det, og med god bakgrunn i Bibelen. Les Markus 16. frå vers 20 og ut kapittelet. Tungetale er er noko som er for alle kristne. Det er eit eige personleg bønnespråk der ein kan komunisere med Gud på ein spesiell måte. Det er ikkje mystisk, det er naturleg for ein kristen å tale i tunge. Du treng ikkje tale i tunge for å være ein kristen, men eg har ikkje høyrt nokon som misslikar det når dei har fått den gava.

Tungetale til budskap er ein annan side av tungemålsgava. Den kjem gjerne i møter eller samlingar og skal tydast. Nokon er litt redd for dette fenomenet, men du kan tenke på det som om nokon taler på eit anna språk, og at nokon tolkar det.

 

Å helbrede sjuke er heilt naturleg for oss kristne. Det er også Bibelsk og veldig kjekt og godt. Vi skulle be mykje meir for sjuke så var det fleire som vart friske. Om du ynskjer at vi skal be for deg til helbredelse kan du ta kontakt med oss eller du kjem på ei samling eller eit møte.

 

Mark 16:17-18 Og disse tegn skal følge dem som tror: I mitt navn skal de drive ut onde ånder. De skal tale med tunger  ............................. På syke skal de legge sine hender, og de skal bli helbredet.

 

 

Kva med begravelse når medlemmer i Nytt Liv Sunnhordland døyr, når dei ikkje står i Statskyrkja, får dei gravplass då?

 

Ja, alle får gravplass. Det er kommunen som eig og syter for gravplass. I Nytt Liv kan pastor forette begravelse, og gje dei pårørande ein fin og verdig sermoni.

 

Kva med brudevigsel?

Pastor i Nytt Liv Sunnhordland er offentlig godkjendt vigselsmann og kan stå for brudevigsel. Pastor har vigselsrett, og kan i praksis vie folk innanfor eller utanfor menigheten. Pastor har ikkje vigselsplikt, og kan avgrense kven han vil vie. Ta kontakt om det er ynskjeleg.

 

Eg har høyrt at de døyper folk ved å dukke dei heilt under. Kvifor er det så viktig?

 

Ja, vi legg stor vekt på dåpen fordi den betyr så mykje for den som vert frelst og så døypt. Barnedåp slik dei praktiserer i Statskyrkja har ingen bakgrunn frå Bibelen, og er ein tradisjon. Vi legg vekt på å gjere ting slik dei skal gjerast utfrå Bibelen. Mange kristne går glipp av store velsigningar i livet fordi dei ikkje let seg døype.

 Les meir om dåp her


 

 

 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2012 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

HJEM