Tre personar gav livet sitt til Jesus
av Frank Håvik

Møta med Jan Eriksen fortsette i Vindafjordhallen i Vats onsdag kveld. Det kom fram kraftig nød og store behov heilt frå starten av. Gud møtte folk sterkt gjennom sang, vitnesbyrd, tale og forbøn. Allereie på veg til møtet vart den første personen frelst. Ein vart frelst i møtet og ein tredje person etter at møtet var avslutta.

 

 

Gud møtte også folk til helbredelse. Ei kvinne ved navn Anne Lise fortalde om korleis Gud helbreda henne for 4 ulike plager på møte i Vats kyrkje for 2 veker sidan. Meir helbredelse vart det og for henne på møtet vi arrangerte  i Vats på Palmesøndag. Då fekk ho heilt god hørsel, etter 15 år med sterkt nedsatt hørsel. og ikkje nok med det, på påskedag kom ho til Sauda og fekk forbøn på møte vi hadde der, og no ser ho uten briller. Grønn og grå stær ser ut til å ha måtte gje tapt for Guds helbredelseskraft. Det er bare eit Guds mirakel. Jan Eriksen vitna og forkynnte det sentrale evangeliet om Jesus. Finn Jarle Sæle deltok også, medan Sissi og Johannes Kringlebotten leda forsamlinga i fellessong, utanom at dei song eigne songar. Det var eit bra besøkt møte, sjølv om der var god plass.


 
 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2011 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

menigheten nytt liv sunnhordland

 

HJEM