Mektig Vekkelseshelg i Vats 8.-10. juni

 

Vekkelseshelga vart ei mektig oppleveing for oss som var til stades på Vats skule.

Mange fann vegen til kveldsmøta fredag og laurdag. Det var og ein god del som vart med på bibelundervisning og workshop på laurdagen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hovedtaler var misjonær Kjell Haltorp frå Fevik. Kjell var i storslag og delte frå sitt liv i Herrens teneste. Fredag kveld delte han om bønn, og nødvendigheten av å sette av tid til personleg liv med Gud.

 

Fleire kom til Vats med bobil, og folk budde også privat eller overnatta på hytte, eller køyrde til og frå frå bygdene rundt om Vats. Eit godt team frå menigheten Nytt Liv Sunnhordland sørga for god mat til dei frammøtte. Feire andre lokale tok del og var med å sang og spelte.

 

 

 

 

Blant andre Jorunn Skjervheim som også var sentral i mange praktise forberedelser i forkant og under arrangementet.

 

Laurdag var det bibelundervisning der Glenn Wik talte om å leve Oppreist med Kristus, og Kjell Haltorp fortsette med tema om Bønn. På ettermiddagen hadde Frank Håvik eit tema om "Å bygge fellesskap i en ny tid" Kjell Haltorp underviste om å vinne mennesker for Jesus. Det temaet fortsette han på seinare på kveldsmøtet. Det er spennande og utfordrande å lytte til Kjell sin praktiske og direkte undervisning.

 

 

 

 

 

Eit sang og musikkteam med Geir Vik, Remi Helland, Kristin Håvik og Glenn Wiik (frå Haugesund) sørga for frisk og god sangledelse.

 

Søndag formiddag leda fleire frå lederskapet i Nytt Liv ei samling der mange fekk kome til med vitnesbyrd og helsingar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Helga vart avslutta med ettermiddagsmøte der Glenn Wiik forkynnte om Jesus.

 

Etter kvart vil vi legge ut glimt frå helga og dei fleste forkynnelsane.

 

 

 

 

 

 

 

Menigheten Nytt Liv Sunnhordland © 2012 • Alle rettigheter forbeholdes menigheten Nytt Liv Sunnhordland

www.nyttlivsunnhordland.no

 

menigheten nytt liv sunnhordland

 

HJEM